Vigra Sogelag

Her finn du informasjon om kven vi er og om korleis du kjem i kontakt med oss.


Formål

Vigra Sogelag vart skipa 1. februar 2001 og arbeider for å få fram Vigra si historie i gamal og nyare tid.

Medlem

Som medlem i Vigra Sogelag gir du eit viktig signal om at du støtter opp om aktivitetane til sogelaget, samtidig som du gir eit økonomisk bidrag. Du får også direkte informasjon om aktivitetane, samt invitasjonar til arrangement, og dermed ein betre moglegheit for å verte kjent med bygda di.

Medlemskapet kostar kr 200 per år. Kontakt leiar eller kasserer for å bli medlem.

Årsmøte

Høgaste instans i Vigra Sogelag er årsmøtet der alle medlemer har stemmerett. Årsmøtet vert halde kvart år i månadsskiftet februar/mars.

Styret

Styret til Vigra Sogelag er valt av årsmøtet og står for drifta og aktivitetane gjennom året. Oppdatert oversikt over styret finn du på Facebook-sida vår - i faktaboksa på høgre side.

Skriftstyret

Skriftstyret har ansvar for Årsskriftet og fungerar som redaksjonsnemnd. Skriftstyret er utnemnt av styret.

Nettansvarleg

Nettsida vart utvikla av Stig Asle Vaksvik Synnes i 2014, og vert oppdatert årleg. For innspel, bidrag og melding om feil (inkludert språkvask), ta kontakt med e-postadresse(går til Stig).